Reidun Øverås
Om kunstneren
Kontaktinformasjon
Eg er 1954-modell frå Vestnes i Møre og Romsdal, men har vore busett på Sunnmøre mesteparten av mitt vaksne liv. Budde nokre år i Hagavik i Bjørnafjorden litt sør for Bergen, men er no busett i Ålesund kommune.
Vestlandet med sin dramatisk natur og brå verskifte er min store inspirasjon! Målar mest i olje, men tidvis også akryl eller mixed media. Ofte tek eg utgangspunkt i eige foto som eg brukar vidare for å skape det spontane, levande, gjerne maleriske uttrykket eg er ute etter……men er heile tida på leit etter nye innfallsvinklar og tema i målinga mi.
Trangen til å skape har alltid hatt stor plass i livet mitt, dette å utvikle seg og lære nytt. Er stort sett autodidakt, men tok 2 år visuell kunst ved Ålesund Kunstfagskule frå 2008-2010. Framfor alt lærte eg der mykje om kunst og kunstforståelse, men også mykje om meg sjølv og kva eg helst vil arbeide med.
Vidare utvikling gjennom kursing og malefellesskap, ved å utforske nye ting og maleteknikkar. Eg har delteke på fleire kollektive kunstutstillingar og hatt 2 separate utstillingar.
Kunstverk
-
BergtattOlje på lerret 70x70
Tind IAkryl på papir
I berget det blåOlje på lerret 50x60
Linjer i landskapOlje på lerret 100x120
KystOlje på lerret 90x90
BlånerOlje på lerret 50x60
Opp av berg og ur stig draumenOlje på lerret 50x60
StrandOlje på lerret 50x60
Tind IIOlje på lerret 50x60
KraftAkryl på lerret 50x50
VårløysingOlje på lerret 70x70
UtbrotOljemaleri på MDF-plate.
Portrett 1Parafrase over et maleri av Hazel Soan (eng.kunstner) Olje på lerret 33x41
Portrett 2Parafrase over et maleri av Rachel Lockwood (eng. kunstner) Olje på lerretsplate 33x41
Portrett 3Parafrase (Modigliani) Olje på lerret 33x41